Sverre Halbakken har fått Kongens fortenstmedalje

Sverre Halbakken har «via telefonen» fått tildelt kongens fortenstmedlaje. Halbakken har gjennom meir enn 50 år lagt ned eit stort arbeid for norsk folkemusikk og dans, som tradisjonsbærar, forskar, formidlar, organisator, spelemann og dansar. Han er mest kjent for sitt omfattande arbeid  for polsdans og polsmusikk i Sør-Østerdalen. Han har tilkknytning til BLS-niljøet frå den tida han budde i Oslo. Han starta Østerdalsringen i Oslo på 60-talet var var musikalsk leiar der i mange år. Ringen hadde god framgang og vart vel kjent. Mange unge spelemenn og dansarar fekk opplæringa si der. På 1970-talet flytta halbakken tilbake til Elverum, og har i alle år seinare gjort eit stort arbeid særleg med å samle inn musikk og dans. Han har gjeve ut fleire bøker og plater med opptak frå distrikta rundt søre Østerdalen. Den populære Finnskogspolsen støttar seg i stor mon på Halbakken sitt arbeid. Halbakken la stor vekt på å sjå musikken og dansen i samanheng, og var lenge åleine om å forstå dansen som ei rytme med kort tre’ar. Han har også arbeidd for å gjenreise bruken av halling, og har lenge hevda at nemninga halling ikkje har samanheng med Hallingdal men som ein «halv» dans, ein dans som hadde ein del både i totakt og tretakt. Vi gratulerer Halbakken med ei vel fortent medalje. (Vebjørn Bakken)