Teatergrupper i BLS

Har du lyst å spele teater er det to teatergrupper du kan vere med i.

Te-Nord

Vi har 1-2 produksjonar i året. Gruppa bestemmer kva vi skal spele. Det kan vere drama, humor, absurde tekster, klassikarar og sjølvskrivne stykke. Gjerne med innslag av dans og musikk. Vi nyttar vanlegvis intern instruktør og fordeler arbeidet med produksjonane og drift av gruppa på medlemmane.

Øver kvar måndag kl. 19.30-21.30
Oslo Teatersenter på Tøyen.

Les meir på nettsida til Te-Nord

Teaterlaget i BUL Oslo

Har to produksjonar i året, i mai/juni og i desember. Set opp veldig mykje forskjellig; farser, barnestykke, drama, klassikarar m.m. Set opp stykke på nynorsk og dialekt. Nye medlemmer er velkomne, men om du vil vere med så meld deg heilt i starten av semesteret.

Øver kvar måndag kl. 18.00-21.00.
Rosenkrantz gt 8 Oslo

Les meir på nettsida til Teaterlaget