Søndagsdans haust 2020

Nesten kvar søndag blir det arrangert kurs og dans i Nordahl Bruns gate 22. Det er minikurs frå kl. 18.00 og så open dans frå kl. 19.30.

Alle kan møte, og du treng ikkje dansepartnar.

Vi veit at mange saknar søndagsdansen etter det lange opphaldet no i vår. Vi har derfor i utgangspunktet førebudd eit program med spelegrupper og arrangørlag som vanleg for hausten. Men vi vil samtidig ta hensyn til koronasituasjonen, og følgje myndigheitene sine reglar og råd. Vi har alt nokre tankar om kva vi konkret kan gjere for å få alle med i dansefelleskapet, og vi vil prøve ut forskjellig etter kvart.

Den 6. september vil vi begynne med fellesmøte kl. 19 for å fortelje om planane våre og for å utveksle idear om kva vi kan gjere.
Vi håpar alle dansarar blir med!

Sjå program haust 2020 her.