Informasjon knytt til koronaviruset

På grunn av faren for å bli smitta av koronaviruset er det meste av aktiviteten i BLS og medlemslaga avlyst eller utsett. Både medlemmar og tillitsvalde i laga har mange spørsmål om korleis dei skal forhalde seg til smittefaren og myndigheitene sine restriksjonar på aktivitet. Her finn du informasjon om kva BLS gjer. Vi har også samla ein del informasjon som er nyttig for laga og leigetakarane våre i denne situasjonen.

Kva gjer BLS

Årsmøtet i BLS er utsett inntil vidare. Styret og nemnder held fram arbeidet sitt til nytt styre og nemnder er vald. Oppdatert innkalling vil gå ut til laga når det er mogleg å gjennomføre årsmøtet.

Søndagsdansen er avlyst inntil vidare.

For å lette på dei økonomiske konsekvensane for medlemslaga i BLS bestemte styret å ikkje krevje leige for lokale til planlagt aktivitet som må avlysast på grunn av myndigheitene sine forskrifter og restriksjonar på aktivitet. Les om restriksjonane på Helsedirektoratets infoside her.

Det er mogleg å leige salar og vi føreset at alle som leiger følgjer myndigheitene sine råd og restriksjonar for aktivitet. Under fana utleige finn de informasjon om leige av lokale og koronasituasjonen.

Lag og leigetakarar har ansvar for å informere om status for sine aktivitetar. Sjå laga sine heimesider.

 

Informasjon om frivillig verksemd og koronaviruset

Koronaviruset og myndigheitene sine råd og restriksjonar har store konsekvensar for frivillige organisasjonar. Her finn de ei rekke linkar til nyttig informasjon som stadig blir oppdatert frå frivillige organisasjonar og myndigheiter:

 

Informasjon frå Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag samlar og oppdaterer informasjon om situasjonen på heimesida og i nyheitsbrev. Les informasjon frå NU her.

 

Råd om arrangement, reiser, årsmøter og digitale løysingar

Frivillighet Norge har tips om digitale løysingar og donasjonsprogram for programvare for frivillige organisasjonar.
Les om gjennomføring av arrangement, lovlege årsmøter og praktiske tips

Les om digitale løysingar og rabattert programvare gjennom Techsoup her.

Dialog med myndigheitene om konsekvensar av koronavirus

Frivillighet Norge jobber for at frivillige organisasjonar ikkje skal bli ramma økonomisk når dei må avlyse aktivitetar på grunn av koronaviruset. Les om Frivillighet Norges bekymringar og krav til myndigheitene og om ordningar som er på plass her.

Kursstøtte, korona-fond og stønadsordningar
Regjeringa si ordning med Kompensasjon for avlyste arrangement som følge av koronatiltak.
Søknadsfristen er 21. april. Les om ordninga som blir forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet her.

Kunnskapsdepartementet har gjort tilpassingar i regelverket for studietiltak. Studieforbundet kultur- og tradisjon har samla viktig informasjon om kurstiltak.
Les Studieforbundet sin artikkel om koronasituasjonen her.

Ei rekkes stiftingar har oppretta koronafond.
Les Frivillighet Norge sin artikkel om støtteordningar og korona her

Oslo kommune har opna for å søke om nettbaserte konsertar, framsyningar med meir innafor si løpande tilskotsordning til kunst- og kulturtiltak.
Les om Oslo kommune si ordning her

Fleire nyttige linkar:

Frivillighetens koronalinjeEin hjelpetelefon i samarbeid mellom Sanitetskvinnene, Nasjonalforeningen for folkehelse, LHL og Helsedirektoratet på telefon 23 12 00 80.

Regjeringa si side om koronasituasjonen

Oslo kommune si side med informasjon om koronasituasjonen

Engasjer deg som frivillig eller legg ut oppdrag for frivillige i din organisasjon på Frivillig.no

Informasjon om korona på ulike språk