Dans, teater, kor, musikk og idrett
Vil du bli med på ein av aktivitetane våre?
Rett i Lomma
Teaterlaget i BUL, 01.-07. juni, Nynorskens Hus: Teatersalen
Denne våren set Teaterlaget i BUL opp «Rett i lomma» av Michael Cooney. I denne fartsfylte og populære farsen møter vi Erik Bruun som har svindla trygdesystemet ved å dikte opp ein masse leigebuarar med den eine skavanken verre enn den andre. Når trygdeinspektør Fylking bankar på døra for å sjekke forholda startar ein enorm og stadig meir komplisert operasjon for Bruun, i eit håp om å unngå å bli avslørt.
Fest setebelte og bli med på ei hysterisk reise i høgt tempo med skiftande identitetar, slamrande dører og ein svindlar som mistar all kontroll.
Velkommen til framsyning i Teatersalen i Nynorskens hus!
Regi: Fredrik Elfstrand.
Meir info: https://www.bul.no/framsyning/
Danse ikke gråte nå –
Frisk vårvind og blå balladar med blandakoret Blåne
2. juni 19:00-20:00 i Storsalen, Nordahl Bruns gate 22.
Blåne har dukka ned i nokre av dei mest kjende mellomalderballadane våre, som Horpa, Villemann og Magnhild og Margit Hjukse. Viser om bergtaking, omskaping og harpeklangens umåtelege kraft, med sterke meldingar om folketru og livleg fantasi. Saman med andre folkelege viser frå fjern og nær, tråklar vi saman programmet med Lillebjørn Nilsen vesle genistrek av ei «folkevise».
Etter konserten kan du kjøpe kaker og kaffi.
Dirigent: Isa Holmgren.
Konserten er støtta av Oslo kommune.
Billettar: Førehandssal til og med 31. mai: kr. 150. Frå 1. juni: kr. 220. Billettsal på Hoopla
Kulturkveld med Egil Bakka
Korleis speglar norsk tradisjonsdans europeisk dansehistorie?
Egil Bakka, professor emeritus, vil fortelje, og syne film og bilete.
Onsdag 5. juni 2024, kl 19.00-22.00 i Storsalen, Nordahl Bruns gate 22.
Kaffipause
Folkedans
kr 150 (inkl. servering)
Folkedanskveldar haust 2024
Folkedanskveldane har tatt sumarferie – velkomen igjen i september!
Foto: Runhild Heggem