Dette er BLS

Vi i BLS driv med teater, kor, folkedans og idrett for barn og vaksne.

Aktivitetane blir drivne i medlemslaga våre, og Bygdelagssamskipnaden (BLS) er eit felles fylkeslag for ungdomslag, bygdelag og leikarringar i Oslo og Akershus. Fylkeslaget er tilslutta Noregs Ungdomslag (NU). Fylkeslaget har 15 medlemslag, med om lag 1200 medlemer. Vi vil gjerne ha nye medlemer og har mange ulike kurs både haust og vår.

Mange av laga eig òg eigne hytter i Oslomarka.

Kvar søndag samlar vi mellom 20-50 danseglade til Folkedanskveld med flott musikk ved forskjellige spelegrupper/lag i Nordahl Bruns gate 22. Vi har eit rusfritt miljø med dans, og sal av vafler og kaffe/brus.

BYGDELAGSHUSET

BLS eig Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22. Huset har tre store salar, fleire møterom, kontorlokale og hyblar til utleige. Mange av lokallaga har sine faste øvingar her.

UNGDOMSLAG OG BYGDELAG

Grunnstammen av lokallaga i BLS er ungdomslaga (t.d. Bondeungdomslaget i Oslo, BUL) og bygdelaga (t.d. Valdreslaget, Hallinglaget, Håløyglaget). Dei fleste laga vart skipa rundt år 1900, av ungdomar som flytta til Oslo og ynskja å samle likesinna frå heimtraktane sine. Laga har opp gjennom åra letta overgangen til eit nytt miljø for mange medlemmar, samstundes som dei har vore ein kanal for å halde kontakt med heimstaden. Ungdoms- og bygdelaga er, og har vore, ein arena for kontakt på tvers av generasjonar, yrker og livssituasjonar.