Dette er BLS

Medlemslag

Vi i BLS driv med teater, kor, folkedans og idrett for barn og vaksne.

Aktivitetane blir drivne i medlemslaga våre, og Bygdelagssamskipnaden (BLS) er eit felles fylkeslag for ungdomslag, bygdelag og leikarringar i Oslo og Akershus. Fylkeslaget er tilslutta Noregs Ungdomslag (NU). Fylkeslaget har 18 medlemslag, med omlag 1200 medlemer. Vi vil gjerne ha nye medlemer og har mange kurs både haust og vår.

Mange av laga eig òg eigne hytter i Oslomarka.

Kvar søndag samlar vi mellom 20-50 danseglade til Søndagsdans med flott musikk ved forskjellige spelegrupper/lag i Nordahl Bruns gate 22. Rusfritt miljø med dans og sal av vafler og kaffe/brus.

BYGDELAGSHUSET
BLS eig Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22. Huset har tre salar, møterom, kontorlokale og hyblar til utgleige. Mange av lokallaga har sine faste øvingar her.

UNGDOMSLAG OG BYGDELAG
Grunnstammen av lokallaga i BLS er ungdomslaga (t.d. Bondeungdomslaget i Oslo, BUL) og bygdelaga (t.d. Valdreslaget, Hallinglaget, Håløyglaget m.v.). Dei fleste laga vart skipa rundt 1900 av ungdomar som flytta til Oslo og ønskja å samle likesinna frå heimtraktene sine. Laga har opp gjennom åra letta overganget til eit nytt miljø for mange medlemmar, samstundes som dei har vore ein kanal for å halde kontakt med heimstaden. Ungdoms og bygdelaga er, og har vore, ein arena for kontakt på tvers av generasjonar, yrker og livssituasjonar.

Barnelaget i Oslo

Barnelaget i Oslo øver i Nordahl Bruns gate 22 kvar torsdag.

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL)

Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) har fleire særlag.
Særlag:
Idrottslaget i BUL – Har treningar på Bislett Stadion, Majorstua Skole m.fl.
Leikarringen i BUL – Øver kvar tirsdag i Rosenkrantz gate 8.
Songlaget i BUL – Øver kvar torsdag i Rosenkrantz´gate 8.
Teaterlaget i BUL – Øver kvar måndag i Rosenkrantz´gate 8.

Bygdelagskoret Blåne

Bygdelagskoret Blåne øver kvar måndag i Nordahl Bruns gate 22.

Leikarringen Frøy

Leikarringen Frøy øver kvar onsdag i Samfunnet på Ås.

Leikarringen Symra

Leikarringen Symra øver kvar onsdag i Nordahl Bruns gate 22.

Hallinglaget i Oslo

Hallinglaget i Oslo øver annankvar onsdag i Nordahl Bruns gate 22.

Hardinglaget i Oslo

Hordalaget

Hardinglaget i Oslo og Hordalaget har hytter og festar.
Særlag:
Hordaringen – Øver kvar torsdag i Nordahl Bruns gate 22.

Håløyglaget i Oslo

Håløyglaget i Oslo er laget for nord-norsk ungdom.
Særlag:
Teatergruppa Te-Nord

Nesodden Danselag

Nesodden Danselag øver på Nesodden.

Numedalslaget i Oslo

Numedalslaget i Oslo øver kvar måndag i Nordahl Bruns gate 22.

Oslo Songdanslag

Oslo Songdanslag øver ein gong pr månad i Nordahl Bruns gate 22.

Sogn og Fjordanelaget i Oslo

Sogn og Fjordanelaget i Oslo har hytta og festar.
Særlag:
Sogn og Fjordaneringen – Øver kvar tirsdag i Nordahl Bruns gate 22

Telelaget i Oslo

Telelaget i Oslo øver ca annankvar torsdag i Nordahl Bruns gate 22.

Valdreslaget i Oslo

Valdreslaget i Oslo øver anna kvar måndag i Nordahl Bruns gate 22.