Kvar finst den skarpaste NU-ungdommen?

Er du ikkje i tvil om at dei finst i laget ditt, så meld dei på og la dei bryne seg mot resten av landet i kunnskapstevlinga Kven veit?

Kven veit? har to klasser: Junior (for dei opp til 14 år) og Senior.

Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga. I 2016 er temaet Ungdom i 100! i høve at medlemsbladet Ungdom kjem ut i sin 100. årgang.

Gjennomføring: – Eit tekstheftet om temaet blir i godt tid send til kontaktpersonen/tevlingsleiaren for utdeling til deltakarane. (For jr. er det fire sider i heftet som skal lesast på førehand før tevlingsrundane) – I veke 8, 11 og 14 samlar ungdomslaget deltakarane til tevlingskveld. Dette kan gjerne leggast til øvingar, ungdomskveldar eller anna aktivitet laget har for målgruppa 10 – 14 år (det er heil ok med yngre deltakarar, men spørsmåla er laga med tanke på denne aldersgruppa) – Tevlingsleiaren sender inn svara og resultatet til NU i etterkant av kvar tevlingsrunde. Resultatet blir lag ut på nettsida til NU etter kvar runde.

DELTAKARAVGIFT
Deltakaravgifta for Senior er kr 450 for kvar gruppe i tillegg til kr 65 per deltakar for studiemateriell. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppa kr 300.
Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

VIKTIGE DATOAR:
• 10. januar: Påmeldingsfrist for laga
• Veke 8: 1. tevlingsveke
• Veke 11: 2. tevlingsveke
• Veke 14: 3. tevlingsveke
15. april: Kåring av vinnar

Les meir og meld på laget via heimesida til Noregs Ungdomslag: www.ungdomslag.no/kvenveit