Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Sommerfolkedanskveld m/ Ord og strenger enkelt kobla og Østerdølenes Spellmannslag

29. mai 2022  18:00 - 22:30

- kr60–kr150
Vi ønsker alle velkommen til denne siste folkedanskvelden før sommerferien.
Mellom 18:00 og 19:30 har folkedansnemda satt sammen et lite program i Halli for å sette sommerstemningen:
– Alkoholfri punsj og frukt
– Underholdning fra Gudbrandsdalen med Ingrid og Tore Jørgen
– Allsang
ORD OG STRENGER ENKELT KOBLA
Orda er det Ingrid Løkken som står for, ho les frå eiga bok – Enkel kobling. Tore Jørgen Rødølen spelar på mange strenger, ja, han spelar her både fele, cello, nyckelharpe og hardingfele. Dels les og spelar dei kvar for seg, og så er det nokre fellesnummer.
Litt om personane:
Ingrid (1953) er født og har budd store delar av livet i Heidal. Skriving og måling, ja, kreativitet har heile tida vore viktige – i mange år dreiv ho Fantasihuset i heimbygda. I fjorhaust gav Ingrid ut ei lita gjennomillustrert diktsamling. Dikta er skrive over ei lang periode – frå 1970-talet og heilt fram til utgjevinga. Dei fleste beskriv situasjonar og kjensler som «alle» kan kjenne seg att i og som enkelt kan koblast til sjølve livet. Ingrid har sjøl illutrert boka – det er måleri, akvarellar, skisser og fotografi, til og med vottane i nålebinding er eigenproduserte.
Ein anna stor lidenskap er folkemusikk og dans, såleis kryssa vegane til Ingrid og Tore Jørgen kvarandre for mange tiår sidan.
Tore Jørgen (1948) voks opp på Otta og fatta tidleg interesse for musikk – han arva fela etter bestefar sin. I ungdommen var han med «gammelkarane» i Otta spelemannslag og lærde mykje
av dei. Allereie som tenåring deltok han på sin fyrste kappleik, og sidan har det vorte mange med både solospel (kom tidleg i A-klassa) og lagspel. Gudbrandsdølenes spelemannslag i Oslo har vore viktig for han – og han for dei. Dei var m.a. med i ei gamaldanskonkurranse i NRK, og der vart «Syvermasurkaen» lansert. Tore Jørgen er nok den spelemannen som har flest leikjer etter Syver Nysæter. Han har vore musikalsk leiar for Lillehammer spel- og dansarlag og fekk skipa eit juniorspelemannslag, Veslefrikk, i Gausdal etter at han busette seg der i 1988. Her har han og lagt ned eit stort arbeid for lungesjuke som overlege på Granheim Lungesjukehus – og freista berge avdelinga frå nedleggjing.
Han har gjett ut ein dobbel-CD med mykje fin gudbrandsdalsmusikk. Fele er «hovudinstrumentet» hans, men etter kvart har han også lært seg å spela cello, hardingfele og nyckelharpe.
Vi fortsetter 19:30 med herlige snurrer til Østerdølenes Spellmannslag frem til 22:30.
Østerdølenes Spellmannslag ble stiftet i 1977. De holder til i Oslo, men de fleste av medlemmene skal angivelig være fra Østerdalen. Slåtter fra Østerdalen er selvfølgelig deres favoritter, og da trenger man ikke en gang å spørre om de har tenkt til å spille en Rørospols eller førti! De trives i kappleiksteten, og setter spilleglede på dagsorden.
PS! Før folkedanskvelden er det mulig å svinge seg til musikk av Svartskog spml hos Anne på landet i Frognerparken fra 15:30.
Velkommen!
Pris:
Ordinær 150,-, Medlem 120,-, Student 60,-

Detaljar:

Dato
29. mai 2022
Tid:
18:00 - 22:30
Billettpris:
kr60–kr150
Kategoriar:
, , , ,

Arrangør

Folkedansnemnda

Lokale

BLS – Nordahl Bruns gate 22
Nordahl Bruns gate 22
Oslo, Norge 0165 Norway
+ Google-kart
View Lokale Website

Detaljar:

Dato
29. mai 2022
Tid:
18:00 - 22:30
Billettpris:
kr60–kr150
Kategoriar:
, , , ,

Arrangør

Folkedansnemnda

Lokale

BLS – Nordahl Bruns gate 22
Nordahl Bruns gate 22
Oslo, Norge 0165 Norway
+ Google-kart
View Lokale Website