
I haust prøver Hordaringen korte kræsjkurs. 23. oktober kl 19.15 blir det reinlender.
Kurset er ei innføring i reinlender frå grunnen av, også for deg som ikkje har dansa gammaldans før. Me går gjennom det mest grunnleggjande, og kjem fram til vanleg open reinlender.
Instruktør: Alix Cordray
Dato: 23. oktober 2025, 19:15-20:15
Pris: kr 50,-, gratis for Hordaringens medlemmar
Sted: Nordahl Brunsgate 22, Oslo. Sentralt i Oslo, ved Pilstredet Park
Ettar kurset er det kaffipause og meir dans fram til kl 21.45. Alle er velkomne.
Kom gjerne åleine, partnar er ikkje nødvendig.
Påmelding: Ved frammøte, epost til post@hordaringen.no eller tlf 91388751 (Bjørn Ove)
Hordaringen dansar kvar torsdag i Halli kl 19.15-21.45. Vi er eit danselag som dansar det meste som går under fellesnavnet norsk folkedans (gammaldans, tur- og rekkjedans, bygdedans og songdans).
Kanskje ser vi deg snart, med eller utan erfaring, men med lyst til å kjenne dansegleda. Kom gjerne åleine.
Kursa får støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon.



