
Søndagsdansen er samarbeid mellom BLS og Kom og Dans (KOD)
Køyreplan 11. januar
Storsalen (BLS):
18.00–19.15 Minikurs i Bingsjöpolska (grunnpolska) med Dagfinn Aa som instruktør.
Bingsjöpolska er ein populær svensk bygdedans som kan dansast til det meste av polskemusikk.
19.30–22.00 Gammaldans, bygdedans og litt tur- og songdans. Pause 20.30 – 20.45
Musikken syter Fanteladdane for.
Hordaringen er teknisk arrangør
Halli (KOD):
18:00-19:00 Kurs
19:00-20:15 Dans til DJ, vesentleg swing
20:15-20:30 Pause
20:30-21:30 Dans til DJ, vesentleg swing
For begge salane:
Billettpris: Kr 170 for heile kvelden, kr 130 utan kurs, og kr 100 for studentar uansett når dei kjem.
Kaffi og vaffel er inkludert.
Alle kan møte, og du treng ikkje dansepartnar.
Velkommen!



