
BLS Ung arrangerer «Kræsjkurs i gammaldans» for ungdom under 26 år i Blåsalen på Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22.
Kurset er frå 19:00 til 21:00, det er gratis og du treng ikkje å kunne noko på førehand.
Instruktørar er Oda Sofie Hernes og Ingrid Skrindo. To unge og flinke dansarar som vil fokusere på reinlender, vals og polka på eit nivå alle kan vere med på. Musikar på kurset er Marius Westling.
Bruk hovudinngangen i bakgården.
Velkommen!
Foto: Runhild Heggem / BLS