«Eg ser på deg» – NU dans til 125-årsjubileum
Endeleg kan vi i Noregs Ungdomslag dele den nye musikken og dansen laga til Noregs Ungdomslag sitt 125-årsjubileum med dykk! Dette er ei gåve til alle i og utanfor organisasjonen, og vi håpar at de likar det vi gir dykk.
Eg ser på deg er ein ny dansekoreografi og ein singel laga til Noregs Ungdomslag sitt 125-årsjubileum i 2021.
Vi har laga to filmar, ein meint til inspirasjon og ein som viser dansen meir i si heilheit slik at det er enklare å lære seg den. Vi vil også legge ut eit dokument som beskriv kvar del i dansen som kan brukast til innlæring av dansen. Her får ein også litt forklaring på tanken bak dansen.
Sjå dansefilmene på Folkepedia: https://www.folkepedia.no/egser
Sjå dansen her: https://youtu.be/t0G03fLQdzo.
Dansen finnast på sidene våre på Facebook, YouTube og Vimeo.
Musikken kan høyrast på dansefilmen eller på strøymetenestar.