• Teaterlaget i BUL syner «Storhammer»

    Teatersalen, Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge Rosenkrantz gate 8, Oslo, Oslo, Norway

    Storhammer // Teaterlaget i BUL   Teaterlaget byr på krimkomedie i årets førjulsframsyning. Året er 1949. Staden er Lillehammer Hotell. Det er snart jul og den vesle norske innlandsbyen skal nyttast som location i ein stor Hollywood-produksjon. I Storhammer møter du eit variert galleri av gjestar og tilsette på hotellet. Alle har noko å skjule, […]

  • Ekstern: Julekonsert med Cor Mio

    Teatersalen, Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge Rosenkrantz gate 8, Oslo, Oslo, Norway

    Cor Mio held sin tradisjonsrike julekonsert i Teatersalen laurdag 13. desember kl. 15:00. Dei byr på eit variert program med både høgtidlege klassikarar og folkelege julesongar. Nokre musikalske overraskingar er det også plass til. Kjøp billettar og les meir på heimesida til Cor Mio.

  • «Lussi Lussi langnatt» julekonsert med Blåne

    Sagene kirke Dannevigsveien 17, Oslo, Norway

    Velkomen til Blåne sin julekonsert, i år på sjølvaste Luciadagen i vakre Sagene kyrkje! Vi byr som vanleg på eit variert repertoar der du får høyre folkesongar med tema jul og vintertid, og møter både overjordiske og underjordiske vesen. Dirigent: Isa Holmgren. Konserten er støtta av Oslo Musikkråd. Billettar

  • Øving: Den mangfaldige scenen (DMS)

    Lagsrommet, Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

    Den Mangfaldige Scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater der unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater. DMS er eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag

  • Bygdedans frå Numedal

    Bygdelagshuset Nordahl Brunsgate 22, Oslo, Norway

    Numedalslaget i Oslo har faste danseøvingar i bygdedans og runddans frå Numedal annankvar måndag frå september til juni. Vi dansar i Blåsalen i Nordahl Brunsgate 22 og startar opp klokka 1930. Vi ønskjer velkomen til gamle kjende og til den som vil prøve seg på ein ny dans.

  • Øving: BULder og brak

    Teatersalen, Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge Rosenkrantz gate 8, Oslo, Oslo, Norway

    BULder og Brak er ei gruppe med ivrige, unge hallingdansarar. Gruppa vart danna i 2009 og er eit lag under Leikarringen i BUL Oslo. Dansarane øver kvar tysdag ettermiddag kl. […]

  • Øving: Leikarringen

    Teatersalen, Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge Rosenkrantz gate 8, Oslo, Oslo, Norway

    Leikarringen i BUL Oslo er ei dansegruppe som dansar det meste av norsk folkedans: runddans (gammaldans), turdansar, bygdedans, songdans og 1900-talsdansar som swing og tango. Medlemmar går gratis på alle […]

  • For BUL-medlemmar: Julegraut med juleverkstad

    Nynorskens hus, Rosenkrantz gt 8, Oslo

    BUL inviterer til julegraut med juleverkstad kl. 17:00-20:00 onsdag den 17. desember. Dørene og juleverkstaden opnar kl. 17.00.  Juleverkstad var noko me hadde under julegrauten i 2024, som eit ledd […]

  • Øving: Den mangfaldige scenen (DMS)

    Lagsrommet, Nynorskens hus, Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

    Den Mangfaldige Scenen (DMS) er eit barne- og ungdomsteater der unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater. DMS er eit samarbeid mellom Det Norske […]