Gammelpolsverksted med Tron Steffen Westberg, Bergitte Kjosvatn og Rolf J. Feragen.
Kva er ein gammelpols og kva er det som gjer at så mange vert fasinert av denne finurlege varianten av Rørospolsen?
Dei såkalte ”gammellekan” er dei beste å danse til, seiast det. Men kvifor opplever mange det slik, medan andre tykkjer det er utfordrande å finne takta?
Frå Røros kjem tre dansarar med utallige timer gammelpols-praksis på dansegulvet; Tron Steffen Westberg, Bergitte Kjosvatn og Rolf J. Feragen. Sammen skal dei leie dette danseverkstedet der vi skal utforske dans til nettopp ”gammellekan”. Målet er at deltakarane skal forlate verkstedet med ei større tru på at dei kan beherske dansen når det kjem ein gammellek.
Den som vil førebu seg eller eventuelt berre orientere seg om kva gammelpols er, kan lytte til Tron sin CD frå 2013 ”Gammelpols” som ligg på Spotify.
Verkstedet er arrangert av BLS Ung og Folkedansnemnda i BLS.
Billett: 50 kr for medlemmer av BLS / 200 kr for andre, betaling i døra
Lørdag 7. september kl. 12.00 – 15.00
Hovedscenen på Riksscenen, Trondheimsveien 2

Foto: Julia Jonette Fjellheim
PS: Er du ikkje medlem i BLS og vil bli det?
For 150 kr ekstra kan du bli medlem i BLS Ung:
– For ungdom mellom 14-25 år
– Fokus på samhold og eigenutvikling som dansar, spelemann og instruktør
– Dans fleire dagar i veka
– Billigare kurshelger
– Lav pris på øvingsrom
– Gratis øvingsrom til kappleik