Lastar Hendingar

« All Events

Lunsjtreff for BLS-seniorar

20. nov  12:30 - 14:30

Vi inviterer seniorar og veteranar med tilknytning til miljøet i BLS til nytt lunsjtreff

Torsdag 20. november kl. 12.30 – 14.30.

Vi byr på:

Enkel heimelaga lunsj

Allsang

Korsang

Dans for dei som er spreke nok

Denne gongen får vi besøk av Dagsangerne på Sagene som gjev oss ein smakebit av repertoaret sitt og føresmak på jula.

På det forrige lunsjtreffet var 43 glade BLS-seniorar til stades og stemninga var på topp, lenge sidan songdansen har vore så livleg i NB 22. Vi håpar på ennå fleire denne gongen.

Av omsyn til baking og innkjøp vil vi gjerne ha påmelding. Send derfor ein sms til
Johs. 93209894 eller Tore 91560651 før 18. nov. om du vil komma. Inngangsp: Kr. 75

Bli med og skap miljø for seniorar i BLS og liv og røre i Bygdelagshuset på dagtid.

Velkommen !

Oslo Songdanslag, Hardinglaget, Sogn og Fjordanelaget og Symra

Detaljar:

Dato
20. nov
Tid:
12:30 - 14:30
Kategori:

Detaljar:

Dato
20. nov
Tid:
12:30 - 14:30
Kategori: