
Vi inviterer seniorar og veteranar med tilknytning til miljøet i BLS til lunsjtreff mandag 22. september kl. 12.30 – 14.30.
Vi byr på:
• Enkel heimelaga lunsj
• Allsang
• Underhaldning av Mari Skeie Ljones
• Dans for dei som er spreke nok
Mari Skeie Ljones, frilansmusikar som trakterar både fele og hardingfele med solid forankring i folkemusikkmiljøet i Noreg. Mari er glad i å fortelja historiane om dei som har spela og dansa før oss, og driv prosjektet “Spring du fela”. Spring du fela er folkemusikkpoesi, der forfattarar skriv nye låttekstar inspirert av historiar Mari har samla inn.
Vi planlegg to liknande arrangement seinare i haust på desse datoane: tysdag 21. oktober og torsdag 20. november.
Ingen påmelding. Men send gjerne ein sms til Johs. 93209894 eller Tore 91560651 om du kan tenkja deg å komma slik at vi betre kan berekna innkjøp av mat. Inngangsp: Kr. 75
Bli med og skap miljø for seniorar i BLS og liv og røre i Bygdelagshuset på dagtid.
Velkommen !
Helsing
Oslo Songdanslag, Hardinglaget, Sogn og Fjordanelaget og Symra