
Eit nytt semester er i gong, og nye studentar skal ta steget vidare i dansekarriera si. Frå knyttnevepumping og tverking, skal dei no lære korleis skikkelege folk dansar.
Vi kjem naturlegvis først til å vise korleis folkedans dansast. Her blir det rikt med høve til å kræsje i andre. Den meir røynde dansar, som kan å danse både med og uten kræsj, er naturlegvis også velkomen.
– Kurs i turdans og gammaldans for alle. Kom med eller utan partnar. Vi tek utgongspunkt i at kursdeltakarane er i stand til å gå, men krever ikkje forkunskapar utover dette.
Du kjem til å site att med markant auka ferdigheiter innan reinlender, vals og polka og eit knippe turdansar, samt bli ein trygg trafikant på dansegolvet.