Runhild Heggem
I samarbeid med Riksscenen, arrangerer vi Kræsjkurs i gammaldans i Bygdelagshuset kl. 12.00 – 15.00 den 2. september.
Kurset er gratis, det er ope for alle og du treng ikkje kunne noko på førehand.
….
Instruktører er Oda Sofie J. Hernes og Ivar Barmen. To unge og flinke dansarar, som vil fokusere på reinlender, vals og polka på eit nivå som alle kan vere med på! Med seg som musiker har dei gode Ane Stakston Aasen.
Ta med deg ein partner eller kom åleine, alle er velkomne!
Putt danseskoa i sekken og bli med på ein laurdag med mykje dans og bra dansespel!
….
For etter kurset er det gratis dansefest for ungdom på Riksscenen! Gratis inngang for alle under 25 år, og dei beste danseorkestra frå Oslo og Viken speler opp til dans. Dette starter kl. 17.00
Før det seinare på kvelden kl. 19.00, vert ein stor dansefest for alle.
Les meir om dansefestane her:
Oda Sofie J. Hernes (Foto: Victoria Thorsby)
(Arrangementsfoto: Runhild Heggem / BLS)