Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Jubileumskonsert (Songlaget i BUL Oslo)

6. desember 2024  19:00 - 20:30

Velkomen til Jubileumskonsert 1914 – 2024

Vi kan tilby ein variert og innhaldsrik konsert med hovudfokus på norske song- og musikktradisjonar som er eit av dei viktigaste målsetjingane for koret.

Grieg sine «Fire salmer» vert hovudverket under konserten. I tillegg byr vi på folkemusikk både i tonar og tekst som er ein viktig del av koret si historie. Vidare vil vi framføre verk som er skrivne for/til Songlaget, og anna repertoar frå koret sitt historiske og nyare arkiv. Sidan konserten er i desember, vert det og ein avdeling med julemusikk. Publikum får soleis med seg ein god dose førjulsstemning etter konsertopplevinga.

Baryton Aleksander Nohr er solist på salmane. I tillegg har vi og med oss ei samansett gruppe med gjestemusikarar med bakgrunn både frå klassisk musikk og folkemusikk for å gje ei rikare oppleving av konserten.

Me gler oss til å sjå deg på konserten.
Stad: Universitets Aula


Billetter her

Detaljar:

Dato
6. desember 2024
Tid:
19:00 - 20:30
Kategoriar:
,

Detaljar:

Dato
6. desember 2024
Tid:
19:00 - 20:30
Kategoriar:
,