Hordaringen dansar kvar torsdag i Halli. Vi startar kl 20 når vi har kurs i forkant. Vi er eit danselag som dansar det meste som går under fellesnavnet norsk folkedans (gammaldans, tur- og rekkjedans, bygdedans og songdans).
Vi held ein høg sosial profil, og legg lista i samsvar med nivået til dei som dansar til ei kvar tid.
Kanskje ser vi deg snart, med eller utan erfaring, men med lyst til å kjenne dansegleda. Kom gjerne åleine.