
BLS på sopptur
Som ledd i 100-års feiringa inviterer BLS, i samarbeid med Oslo og omland sopp- og nyttevekstforening (OOSN), til soppvandring til tre av lagshyttene i Lillomarka laurdag 23. september 2023.
Du kan velge mellom å gå til følgjande lagshytter:
- Sunnfjordhytta (Pustut) som ligg vest for Sinober. Frammøte Movatn stasjon 10.15 (tilpassa togavgang frå Oslo S 09.44)
- Hordahytta som ligg ved Holåsen. Frammøte Snippen stasjon kl. 10.05 (tilpassa togavgang frå Oslo S 09.44)
- Sørlandshytta som ligg ved Vennervann. Frammøte Solemskogen P-plass/endehaldeplass for buss 56 kl. 10.00 (tilpassa avgang frå Nydalen/Storo 09.30)
Opplegget for turen er følgjande:
Oppmøte ved enten Movatn stasjon, Snippen stasjon eller Solemskogen haldeplass/P-plass for felles tur inn til vedkomande hytte (Sunnfjordhytta, Hordahytta eller Sørlandshytta).
På den 4-5 km. lange turen inn til hytta, dels på skogbilvei, dels på blåmerka eller umerka sti, plukkar vi med oss det vi finn av sopp, dog utan å rote oss bort. Vertslaget stiller med kjentmann som kan losa oss fram.
Inne ved hytta blir det gitt ein kort introduksjon om sopp og sopp-plukking av dei to sopp-sakkunnige frå OOSN som er med på turen. Deretter går vi ut i terrenget rundt hytta for å plukke sopp. Etter plukkinga blir det kontroll, artsbestemmelse og høve til å lære meir om sopp.
Før retur til utgangspunktet (ca. kl. 15.30 – togavgang Movatn og Snippen kl.16.26/16.30, bussavgang Solemskogen 16.30) byr vertskapet på smaksprøvar av nokre sopprettar. Ved Sunnfjordhytta og Sørlandshytta er det også høve til å bade.
Hugs godt fottøy, soppterrenget kan vera både bratt og ulendt, og påkledning etter veret. Og gløym ikkje (sopp)kniv og noko å plukka soppen i (soppkorg, papirpose e.l.- ikkje plastpose).
For alle turane er det påmelding gjennom nettsida til OOSN.
Trykk her for å gå til kalenderen til OOSN og trykk vidare på den turen du ønskjer å vere med på.
Turen er gratis, men du vert likevel bedt om å gå til “kassen”. Følg instruksane for påmelding – det er ikkje så komplisert som det ser ut til.
Soppsakkunnige turleiarar:
Sunnfjordhytta: Hordahytta Sørlandshytta
Gisela Attinger Johs. Kolltveit (93209894) Toril Deildok (90977463)
Erlend Torjussen (90503231) Siri Rui (91129197 Torfinn Bjørseth