Åpent møte: BLS Ung
3. februar 2024 15:00 - 16:00
Ei folkedansbølge går over landet og det nye året dansast i gong, med ein dansefestival over 6 dagar i Oslo!
BLS Ung er eit nytt medlemslag i BLS (Bygdelagssamskipnaden) der ungdom og studentar kan møtast gjennom dans, musikk og sosiale aktivitetar. Denne laurdagen inviterer vi alle interesserte til å kome med idéar og forslag til nye aktivitetar for 2024.
Festivalen er eit samarbeid mellom Riksscenen, Noregs Ungdomslag, FolkOrg, BUL Oslo, Bygdelagssamskipnaden, BLS Ung, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sprang.
Foto: Runhild Heggem