
I haust prøver Hordaringen korte kræsjkurs. 30. oktober kl 19.15 blir det vals og polka.
Kurset er ei innføring i vals og polka frå grunnen av, også for deg som ikkje har dansa gammaldans før. Me går gjennom det mest grunnleggjande, og kjem fram til vanleg rundvals og polka (galopp).
Instruktør: Alix Cordray
Dato: 30. oktober 2025, 19:15-20:15
Pris: kr 50,-, gratis for Hordaringens medlemmar
Sted: Nordahl Brunsgate 22, Oslo. Sentralt i Oslo, ved Pilstredet Park
Ettar kurset er det kaffipause og meir dans fram til kl 21.45. Alle er velkomne.
Kom gjerne åleine, partnar er ikkje nødvendig.
Påmelding: Ved frammøte, epost til post@hordaringen.no eller tlf 91388751 (Bjørn Ove)
Hordaringen dansar kvar torsdag i Halli kl 19.15-21.45. Vi er eit danselag som dansar det meste som går under fellesnavnet norsk folkedans (gammaldans, tur- og rekkjedans, bygdedans og songdans).
Kursa får støtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon.



