
Leikarringen Frøy er studentleikarringen på Ås, tilknytta Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet, og skipa i det Herrens År 1924. Vi øver kvar onsdag på Festspisesalen på Samfunnet, frå kl. 18-20.
Elles finn vi på mykje spas og moro i studentmiljøet på Ås: vi skipar til dansefestar, dugnadar og sosiale arrangement, og vi deltek på arrangement på Samfunnet som viktig kulturbærar i foreiningslivet. Vi reiser også ofte på utflukt til hovudstaden, anten det er på folkemusikkpøbb, Tuvas Blodklubb eller søndagsdans på BLS.
Vi er også i allianse med Flatlusa Spelemannslag og Budeieforeninga i Ås, som saman utgjer «Tradenigheten», med hovudkvarter på «Sætra» (adr. Fougnerbakken 19). Sætra er eit studentkollektiv eigd av SiÅs (studentsamskipnaden), der seks av medlemmane våre bur, men huset tener òg som heim for alle medlemmane i dei tre foreiningane. Her er det fyrispel, fest og/eller etterspel rett som det er. Eller heilt lågterskel «henging» som vi ungdomen seier.
Velkomen til Ås(s)!

