
Velkommen
til
– heimelaga lunsj, allsang, irsk folkemusikk og dans
Vi inviterer til siste lunsjtreffet i vårsemesteret. Denne gongen får vi besøk av dei to musikarane Halldor Rossebø (fele) og Einar Gerrard (fele, gitar, vokal) som presenterer eit variert program med irsk folkemusikk; jigs, reels, slides og tradisjonelle songar, og med små forteljingar frå irsk musikk og kultur.
Halldor har lang erfaring fra både norsk og irsk folkemusikk, bl.a. frå Østerdølenes spelmannslag, og har spelt med leiande musikarar i fleire land. Einar har vokst opp med keltisk musikk og har opptredd både i Norge og Irland, m.a. på Riksscenen og for den irske ambassaden.
Saman byr dei på energiske danserytmar, stemningsfulle melodiar og forteljingar frå den irske folkemusikkverda. Dette blir ein hyggjeleg og inspirerande musikalsk pause midt på dagen. Inngangspengar: kr. 100
Av omsyn til baking og innkjøp vil vi gjerne ha påmelding. Send derfor ein sms til Johs. 93209894 eller Tore 91560651 innan kl. 20.00 fredag 24. april om du vil komma.
Velkommen !
Helsing Oslo Songdanslag, Hardinglaget, Sogn og Fjordanelaget og Symra.



