BLS søkjer ein aktivitetskoordinator, med søknadsfrist 28. jan 2023.

Søknadsfrist er nå utvidet til 28. januar!

Om oss og våre planar: Bygdelagssamskipnaden (BLS) er ein organisasjon for utvikling særleg av norsk folkekultur. BLS eig sitt eige hus – Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22, Oslo (sentrum). Vi ynskjer å utvide aktivitetene, ved å rekruttere fleire kulturelle grupper, gjerne også framandkulturelle grupper. Til det treng vi hjelp av ein aktivitetskoordinator.

Oppgåver: Hovudoppgåva vil vera å verve kulturelle brukarar av våre lokale, og å stimulere til og eventuelt sjølv å arrangere kulturelle aktivitetar under BLS sin paraply, og bidra til å gjera BLS synleg utad. Ein mindre del av stillinga vil vera å etablera, gi rettleiing om og registrere leieforhold.

Ansvarsområde: Stimulere til og organisere bruk og utleige av kulturdelen av NBgt 22. Bidra til utvikling og synleggjering av BLS og medlemslag. Stimulere til aktivitetar i våre lokale, og eventuelt utanfor dei, i form av kurs, dans musikk, foredrag osb. Søkje om økonomisk støtte gjennom forskjellige offentlige og private ordningar.

Stillingsprosent 50%-100% med prøvetid. Tiltreding frå 1. mars.

Se hele annonsen på Finn: https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=286332516.