I 2023 fyller BLS 100 år! Det skal sjølsagt feirast! Fylkeslaget vart stifta 14. mars 1923.

Hyttelivet har vore og er ein viktig del av lagslivet i BLS!
Det skal markerast med to spennande tilskipingar. Den eine 14. mai 2023, den andre gjennom heile våren/sumaren.
14. mai: «Fem på ein dag!» Vandring frå lagshytte til lagshytte i Lillomarka. Vårens vakraste eventyr!
Pdf-fil: BLS100aar Hyttevandring- Fem på ein dag. (2)

Sumaren 2023: «Hyttekarusell 2023». Det gjeld å besøke flest mogeleg av BKS-hyttene! Fine premiar.
Pdf-fil: BLS100aar Korleis finna fram til lagshyttene. mars 2023

Her er link til brosjyren med oversikt over tilskipingane (pdf-format med bilde): Brosjyre. BLS 100 år

Bygdelagssamskipnaden (BLS) fyller 100 år i 2023. Jubileet skal feirast med ei rekkje tilstellingar gjennom heile året. Vi ynskjer å feira alt det som laga i BLS, og BLS som fylkesorganisasjon, har stått for opp gjennom åra samstundes som vi ynskjer å sjå framover mot nye utfordringar og oppgåver og få til vekst i organisasjonen.
Vi ynskjer at jubileumsfeiringa skal visa heile breidda i organisasjonen vår, og håpar at du vil delta aktivt i feiringa både som utøvar og publikum.
Nedanfor finn du ei kronologisk oversikt over dei viktigaste tilstellingane i jubileumsåret i regi av BLS/Jubileumsnemnda og av einskildlaga:

4. januar 2023 Kulturkveld Symra. Foredrag av Vebjørn Bakken: Folkedansrørsla veks fram.
Matøkt og variert folkedansdans etterpå.
7. januar 2023 Stordans i Ladegården. Arr.: BUL.
25. januar 2023 Lansering av Jubileumsboka BLS 100 år. Utdeling/signering. kl 20.00-21.00 i kafeen. Kaffi/kaker etc.
14. mars 2023 Markering av 100-års dagen
– kl. 16.00 Avduking av Blått skilt på Bygdelagshuset
– kl. 17.00 Mottaking i Oslo Rådhus. Eigen invitasjon til utvalde via laga
– kl. 19.00 Variert folke(leg)dans i Teatersalen, Nynorskens hus (gratis).
Musikk.: Gudåmeleg
29.mars 2023 Kulturkveld Symra. Hadeland i musikk og dans v/Harald Velsand og Terje
Amundsen. Matøkt og variert folkedans etter programmet.
13. april 2023 Kulturkveld i Hardinglaget. Halli kl 19 (?). Fint program med meisterspelemannen Knut Hamre som fyller 70 år og Nils Erik Kvammen.
14.mai 2023 Fem på ein dag. Vandring frå lagshytte til lagshytte i Lillomarka. Premiering.
17.mai 2023 Vi feirar 17. mai med å danse opp Karl Johansgt. saman med BUL om morgonen. Påmelding til BUL. Brusteinsball på Universitetsplassen kl. 18.14 Variert folke(leg)dans til De Frilyndte i Storsalen om kvelden.
3. juni 2023 Musikkfest 2023. Folkemusikk og -dansscene på Schous i samarbeid med
Riksscenen og FolkOrg.
4. juni 2023 Bygdøystemne – vi fyller Folkemuseet på Bygdøy med bunadar, folkedans, folkemusikk og folkesong heile dagen 10-17. Det vert aktivitetar for oss, med oss og av oss heile dagen. Det vil og bli tid til at vi kan få sjå det nye som har kome til på Folkemuseet sidan vi var der sist for om lag 10 år sidan. Deltakarane og næraste familie kjem gratis inn på museet denne dagen og vi håper dagen kan væra ei fin sumaravslutning for heile BLS med gjester.
7. juni 2023 Kulturkveld Symra. Turdans og turdansmusikk v/ Vegar Vaardal.
16. sept. 2023 Dans i alle salane i Bygdelagshuset. Kjempegod musikk, bl.a. Småviltlaget.
23. sept. 2023 BLS på sopptur. Sopptur/-arrangement ved Hordahytta, Sunnfjordhytta og
Sørlandshytta i samarbeid med Oslo og omland sopp- og nyttevekstforening.
25. sept. 2023 Kulturkveld. Numedalslaget. Musikk og dans frå Numedalen.
28. okt. 2023 100 år med bygd i byen. Festframsyning i Det norske teatret. Av oss-for
oss. Lett servering, helsingar og dans til Østerdølenes Spellmannslag i foajeen
etter framsyninga.
11. nov. 2023 Haustfest i Hardinglaget
1. des. 2023 Rakfisk-/Råkåfiskfest, Valdreslaget og Numedalslaget
10. des. 2023 Folkedanskveld med video frå Jubileumsframsyninga i Det Norske Teatret 28. oktober. kl 18.00.
Febr.-okt Hyttekarusell. Sjå innom alle lagshyttene i løpet av jubileumsåret. Premie til dei som har vore innom flest.
Jan./febr. Boka “BLS 100 år. 1923-2023” av Vebjørn Bakken klar for lansering. Bør
førehandstingast hos Vebjørn (vebbak@online.no).
Ikkje fastsett dato:
Kulturkveld, arr: Valdreslaget
Kulturkveld BUL

Helsing Jubileumsnemnda og styret i BLS
Johs. Kolltveit, Vebjørn Bakken,  Anne Grete Granseth, Jon Låte
johs.kolltveit@outlook.com
Sjå også facebook-gruppa BLS 100 år.

Sjå den nye brosjyren i pdf-format: Brosjyre. BLS 100 år