Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Folketonar og folkedans frå Nord-Noreg – ope seminar

30. aug - 31. aug

Portrettfoto av dei tre kurshaldarene.

Lær folkesong og folkedans frå Nord-Norge frå tre dyktige instruktørar og utøvarar av folkemusikk: Folkesongar Sigrid Randers-Pehrson, felespelar og songar Jo Einar Jansen og folkedansar og instruktør Tone Ingvaldsen.

På dansekurset ser vi på nordnorske klassikarar og skjulte perler. Frå Dønna i sør, via Lofoten til Kirkenes dansar vi oss gjennom dei tre nordlegaste fylka. Dette vert ei blanding av bygdedans, runddans og turdans, med nordnorsk snert der samspelet mellom dansen og musikken har ei viktig rolle.

På songkurset får vi lære folkesongar frå Nord-Noreg, songteknikk og improvisasjon. Sigrid vil også ha ei innføring i improvisasjon i kor, noko ho har skrive om i masteroppgåva si «Kvedarkor» frå 2010.

Praktisk informasjon

Seminaret arrangeres av Bygdelagskoret Blåne.
Tidsramme: Laurdag 9.30-17.00 / Søndag 10.00-13.00.
Kursa passar for alle, enten du er nybegynnar eller kan noko frå før.
Det vil i vere mogleg å melde seg på ein eller to dagar, og på heile eller delar av kurset, t.d. berre dans eller berre song.
Seminaret er gratis for deltakarar under 27 år.
Etter seminaret vil det og bli mogleg å delta i Blåne som eit prosjektkor med eit øvingsseminar og ein konsert- og dansekveld 18. og 19. oktober.
Seminaret har fått støtte frå:
Bygdelagssamskipnaden, Noregs ungdomslag, Norsk sangerforum og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Detaljar:

Start:
30. aug
Slutt:
31. aug
Kategoriar:
, , , ,

Lokale

BLS – Nordahl Bruns gate 22
Nordahl Bruns gate 22
Oslo, Norge 0165 Norway
+ Google-kart
View Lokale Website

Detaljar:

Start:
30. aug
Slutt:
31. aug
Kategoriar:
, , , ,

Lokale

BLS – Nordahl Bruns gate 22
Nordahl Bruns gate 22
Oslo, Norge 0165 Norway
+ Google-kart
View Lokale Website