Ei folkedansbølge går over landet og det nye året dansast i gong, med ein dansefestival over 6 dagar i Oslo!
Festivalen DANS DANS DANS avsluttar si fyrste utgåve med den tradisjonsrike søndagsdansen i Bygdelagshuset, Nordahl Bruns gate 22. Bygdelagssamskipnaden inviterer alle til pols, runddans, kaffe og kaffemat. Flatlusa Spellemannslag spelar opp til dans!
Medlemmer BLS: 150,-
Ikkje medlemmer: 200,-
Born/ungdom opp til 26: 100,-
Pris inkluderer både Arkivpols dansekveld og kaffe med kaffemat
Festivalen er eit samarbeid mellom Riksscenen, Noregs Ungdomslag, FolkOrg, BUL Oslo, Bygdelagssamskipnaden, BLS Ung, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sprang.