Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Tema: Nordmøre

7. oktober 2023  12:00 - 16:00

BLS inviterer til “Tema: Nordmøre!»

Denne laurdagen byr vi på både dans og tradisjonsmat frå Nordmørstraktene. Polsdans frå Nordmøre er ein dansetradisjon som gjeng langt attover i tid, men som mest ikkje har vore dansa dei siste hundre åra. Dette er no i ferd med å snu. Fleire og fleire fattar interesse for denne flotte og varierte bygdedansen med heilt særeigen karakter og innslag av eksplosive utskeiingar.

På kurset vert det fokus på steg og svikt, og vi går i djupna på alle dei karakteristiske turane.

 

Instruktørane er begge nordmøringar: Ingolf Hestnes Endresen og vår eigen aktivitetskoordinator Runhild Heggem. Sunnmøringen Åsmund Arnesen Farstad stiller med fele og velklang.

 

Etter dansekurset vert det servert “Bakels og græt” i ekte Nordmørstradisjon. Dette vil du ikkje med andre ord ikkje misse.

 

Hugs gode dansesko og drikkeflaske.

Vel møtt!

 

Tid: 12.00 – 16.00

Stad: Storsalen, Nordahl Bruns gate 22

 

Pris:

150,- Medlemmer av BLS / Studentar

300,- Vaksne

 

 

Her kan du sjå video av dansen: Silje Osnes og Rune Hanem – Landskappleiken 2016

 

Foto:

  • Åsmund Arnesen Farstad, foto: Tomas Westling
  • Runhild Heggem, foto: Ingolf Hestnes Endresen
  • Ingolf Hestnes Endresen, foto: sjølvportrett

Detaljar:

Dato
7. oktober 2023
Tid:
12:00 - 16:00
Kategoriar:
, , , ,

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

BLS – Nordahl Bruns gate 22
Nordahl Bruns gate 22
Oslo, Norge 0165 Norway
+ Google-kart
View Lokale Website

Detaljar:

Dato
7. oktober 2023
Tid:
12:00 - 16:00
Kategoriar:
, , , ,

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

BLS – Nordahl Bruns gate 22
Nordahl Bruns gate 22
Oslo, Norge 0165 Norway
+ Google-kart
View Lokale Website