Den siste feiringa i BLS-100 år var 10. desember med ein utvida folkedanskveld med vising av video frå Jubileumsframsyninga på Det Norske Teatret 28. oktober. Det var bortimot 100 til stades på videovisninga i Storsalen. Etterpå kunne leiaren i BLS summere opp jubileumsåret 2023 og Jubileumsnemnda fekk takk og blomar for innsatsen. Også Svein Aasen fekk takk for innsatsen i Folkedansnemnda. Så fekk alle gløgg og frukt før eit orkester på meir enn 10 personar spela opp. Det er lenge sidan det var så mange til stades på ein folkedanskveld. Kan vi vone på ein ny giv for desse kveldane?

Liste over heile 100-år feiring finner du her.

Her er nokre bilete frå kvelden: