Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

ÓME

2. feb  19:30 - 21:00

Ei folkedansbølge går over landet og det nye året dansast i gong, med ein dansefestival over 6 dagar i Oslo!

I Óme møtast dans og musikk i ein duett mellom folkemusikeren Sivert Holmen og dansekunstnaren Silje Onstad Hålien. Saman utforskar dei det detaljrike møtet mellom dans og musikk, og mellom det folkemusikalske uttrykket og det meir moderne og improviserte. Korleis fyller tonene frå fela rommet så det ljomer/omer, og kva heng igjen når dansen trår klangen vidare? Kva kling, og kva gjer det med oss? Silje Onstad Hålien vart som første kvinnelege dansar tildelt heidersprisen “Årets folkemusikar” under FolkeLarm i 2015. Ho er koreograf og kunstnerisk leiar for kompaniet Villniss, og er sentral i å utvikle det sceniske feltet innan tradisjonsdans. Sivert Holmen er ein anerkjent spelemann, både på hardingfele og 10-strengsfela “hardanger d’amore”. I musikken hans møter Valdrestradisjoner impulser frå samtidsmusikk og moderne komposisjonsmusikk. Holmen har mottatt fleire prisar, han vann Fanitulltevlinga 2022 og har fleire topp-plasseringar på Landskappleiken.
Medverkande:
Silje Onstad Hålien – dans
Sivert Holmen – hardingfele
Kari Anne Vadstensvik Bjerkestrand – kunstnarleg rettleiing

Billetter på Riksscenen sin nettside

 

Festivalen er eit samarbeid mellom Riksscenen, Noregs Ungdomslag, FolkOrg, BUL Oslo, Bygdelagssamskipnaden, BLS Ung, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sprang.

Detaljar:

Dato
2. feb
Tid:
19:30 - 21:00
Kategori:

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

Riksscenen
Schaus plass
Oslo, Norway
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
2. feb
Tid:
19:30 - 21:00
Kategori:

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

Riksscenen
Schaus plass
Oslo, Norway
+ Google-kart