Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Nordnorsk bygdefest

2. feb  21:00 - 23:59

Ei folkedansbølge går over landet og det nye året dansast i gong, med ein dansefestival over 6 dagar i Oslo!

I gamle dagar gjekk folk på bygdefest. Då møttest ung og gamal, dei som elska å danse, dei som helst var veggpryd, dei som var tørste og dei som ville slåss. Ungdomshuset eller samfunnshuset gav den perfekte ramma, som det også gjer i samanheng med denne produksjonen frå Scene Nord si avdeling Folkemusikk Nord. Den startar slik mange bygdefester gjorde før i tida – som ein konsert. Etter kvart kan ein kjøpe seg meir kaffe og andre godsaker, og så kjem dansarane i Kartellet ut på golvet. Vidare utover kvelden håpar vi at publikum våger å bli med i dansen! Orkesteret vert leia av Scene Nord sin eigen Ragnhild Furebotten. Kartellet har basert brorparten av sine forestillingar på bygdefestens dans og overraskingar, og når dei byr opp til dans er det ingen som heilt veit kvar det ber!
Medverkande:
Ragnhild Furebotten – fele
Bjørn Andor Drage – hammondorgel
Bendik Lund Haanshus – gitar
Arnfinn Bergrabb – trommer
Sigurd Johan Heide – dans
Inge Martin Helgesen – dans
Jo Einar Tobias Sterten Jansen – roadie, lommelykt og fele
Festivalen er eit samarbeid mellom Riksscenen, Noregs Ungdomslag, FolkOrg, BUL Oslo, Bygdelagssamskipnaden, BLS Ung, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sprang.
Foto: Ukjent

Detaljar:

Dato
2. feb
Tid:
21:00 - 23:59
Kategori:

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

Riksscenen
Schaus plass
Oslo, Norway
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
2. feb
Tid:
21:00 - 23:59
Kategori:

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

Riksscenen
Schaus plass
Oslo, Norway
+ Google-kart