Kulturkanalen via BLS
Ny e-postliste for kulturhendingar i Oslo-området!
No har BLS oppretta ei e-postliste for å annonsere kulturhendingar i Oslo-området, kalt Kulturkanalen via BLS. Alle kan både poste og abonnere. Vi håpar at mange ønskjer å abonnere.
Personar kan abonnere ved å sende e-post til alix.cordray@bls.no eller gå til https://groups.google.com/a/bls.no/g/kulturkanalen og trykkje på «Abonner» eller «Kontakt administrator».
Dersom e-postadressa som er abonnerer på lista også er ein Google-login, kan du velje å sjå meldingane via groups.google.com. Der kan du også velje å ikkje få e-post for kvar melding, men sjå dei berre når du besøkjer groups i Google.
Du kan poste meldingar til gruppa ved å sende e-post til kulturkanalen@bls.no.
Meldingar frå gruppa blir merkte [KULTURK] slik at dei lett kan sorterast i e-postprogramma.
Velkomen alle som vil vere med!

