Hei!

Fredag 13. desember går eg ut i juleferie, og dermed er mi tid som aktivitetskoordinator i BLS over.

Sidan april 2023 har eg mellom anna jobba med å skape aktivitet, auke utleige og vere kontaktperson for medlemslaga.

Eit av høgdepunkta må vere at eg fekk vere med på å feire at BLS fylte 100 år med ei storslått framsyning i Det Norske Teateret!

Og eit av mine mål eg hadde når eg starta var å opprette eit lag for ungdom og unge voksne. Og det fekk vi til, BLS Ung vart stifta og er i full driv framover med både øvingar og prosjekt.

Eg har også fått vore med å laga festivalar saman med Andreas Ljones og mange samarbeidspartnarar, og forhåpentligvis vil både DANS DANS DANS og OsloP leve i mange år framover.

 

No håpar eg at alle kan vere med å hjelpe styret, med dugnaden som trengs. Det er snakk om nokre av oppgåvene eg har gjort i tida mi, som salutleige, befaringer og nøkkel-utlevering. Ta kontakt med styret for meir informasjon.

Eg blir ikkje borte frå huset sidan eg skal fortsatt vere med i styret til BLS Ung, så vi sjåast vel rundt!

Takk for meg!

 

– Runhild Heggem

 

Foto: Alix Cordray