
Ei folkedansbølge går over landet og det nye året dansast i gong, med ein dansefestival over 6 dagar i Oslo!
Hått spelar tradisjonelle runddansslåttar som har vore bruka på hardingfele. Dette er dansemusikk som skil seg frå standard runddansslåttar i melodigangar, rytmekjensle og oppbygging. Slåttane dei spelar høyrer til ein gamal og særeigen type runddansslåttar frå den første tida kor europeiske impulsar møtte dei gamle norske bygdedansane og bygdespelemennene. Hått spelar først og fremst slåttar frå Numedal, Valdres og Telemark.
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Anders Erik Røine – gitar m.m.
Nils Øyvind Bergset – trekkspel
Dansefest med NMH-studentar etter konserten
Billettar på Riksscenen sin nettside
Festivalen er eit samarbeid mellom Riksscenen, Noregs Ungdomslag, FolkOrg, BUL Oslo, Bygdelagssamskipnaden, BLS Ung, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sprang.
Foto: Knut Utler