Lastar Hendingar

« All Events

  • Denne hending er over.

Seminarer og visninger

2. feb  11:00 - 19:30

Ei folkedansbølge går over landet og det nye året dansast i gong, med ein dansefestival over 6 dagar i Oslo!
Fredagen byrjar med seminar- og visningsdag for og medfolkedansarar. I samarbeid med SPRANG, landsdelsscene for dans, arrangeres Riksscenen visningar av idéar som er i støypeskeia og pitsjestafett. Og i samarbeid med USN Rauland, Senter for Folkemusikk og Folkedans og Kulturrådet blir det seminar ogsamtaler om relevante folkedanstema. Arrangementa på dagtid er gratis for alle.
11:00, Riksscenen: Nytt dansestudium på USN Rauland
Endelig har vi fått på plass eit etterlengta studium i folkedans, som vil starte opp allereie hausten 2024. Studiet er utvikla i tett samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans, samt fleire av dei mest aktive folkedansekompania i Noreg. Men, kva er eigentleg profilen på studiet? Og kva kan eit slikt utdanningstilbod ha å seie for folkedansen i landet vårt? Kan ein eigentleg leve som folkedansar?
12:00, Riksscenen: På scenen med dansearkivet
Dei siste åra har det kome fleire flotte folkedans-produksjonar med bruk av arkivfilmar av dans på scena. I denne sesjonen får vi møte fleire dansarar som har gjort dette på ulike vis. Vi får presentasjoner frå ulike forestillingar og ein panelsamtale med rom for spørsmål frå salen.
Medverkande:
Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Anna Bjørk
Sigrid Stubsveen
Elizabeth Svarstad
13:45, Riksscenen: Søknader, søknader, søknader!
Arbeidar du med folkedans som yrke og har eit ønske om å skape store og små forestillingar – eller driv du med lagsarbeid og rekrutteringsprosjekt: søknader er uansett ein stor del av kvardagen! Idenne bolken møter du folk som arbeider dagleg med skriving eller handsaming av søknader. Vi spør om Kulturrådet sine ordningar er opne for folke-dansen på folkedansens premisser? Korleis beskriv ein dei gode idéane slik at dei når fram i prioriteringa? Og kva skal til for å få tilslag på dei store midla?
Medverkande:
Hedda Abildsnes
Sigurd Johan Heide
Rannveig Øygardslia
Andreas Ljones
14:30, Riksscenen: Norske Dansekunstnere
Norske Dansekunstnere er eit uavhengig fag- og kunstnarforbund, som samlar dansekunstnarar på tvers av tradisjonar, stilar og sjangre. NoDa arbeider for å sikre og utvikle leve- og arbeidskår for
dei som skapar, utøver og underviser i dansekunst.”
15:00, Riksscenen: Danse mi dokke, springe min hest
Her får vi eit utdrag av forestillinga om dei mystiske dansedokkene til Berit på Pynten, som skal ha premiere i vår. Når Berit speler på langeleiken sin, byrjar både små og store dokker å danse. Er det magi i musikken som vekker dei til live? Og er det noko moro å vere ei dansedokke som berre kan danse når ein annan bestemmer det?
Medverkande:
Ingrid Lingaas Fossum – langeleik, dans, song
Brigitte Blomlie – dans, song
Tuva Færden – dans, kraviklyre, song
Silje Risdal Liahagen – regikonsulent
15:30, Riksscenen: Stillstand – eit rom under konstruksjon
I dette rommet er det stillstand. Her er tida annleis. Eller er det det, er det høve til stillstand? Det er i alle fall stor sjanse for keisamd, lite tolmod, nokon som er til stades i sitt eige – så mykje at dei ikkje er tilstades i rommet, så flytande til stades, at ein kan lure på om man er til stades i det heile tatt. Er vi heldige når vi kanskje(!) har ein tilfredsheit i å vere til stades akkurat her og no.”
Av og med Anita Vika Langødegård
16:00, Riksscenen: Arkivdansekonsert Gol
Hallingspringaren vart utsett for ein kraftig standardiseringsprosess i mellomkrigsåra, og den nye “kursforma” fekk høgare status gjennom kappleikar – noko som gjorde at mykje av mangfaldet i springartradisjonen vart gøymt og gløymt. Gjennom arbeid med arkivopptak skal no fem unge utøvarar frå Gol hente fram att turar og tak som har gått i gløymeboka, og presentere det dei finn i ein Arkivdansekonsert med fokus på tradisjonen frå Gol.
Utøvarar:
Åsmund Jøtun Fauske
Vebjørn Jøtun Fauske
Andrea Søgnen
Lars Fivelstad Smaaberg
Silje Risdal Liahagen
16:30, Riksscenen Pitsjestafett
Festivalen er eit samarbeid mellom Riksscenen, Noregs Ungdomslag, FolkOrg, BUL Oslo, Bygdelagssamskipnaden, BLS Ung, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Sprang.

Detaljar:

Dato
2. feb
Tid:
11:00 - 19:30
Kategori:

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

Riksscenen
Schaus plass
Oslo, Norway
+ Google-kart

Detaljar:

Dato
2. feb
Tid:
11:00 - 19:30
Kategori:

Arrangør

BLS
E-post
post@bls.no
View Arrangør Website

Lokale

Riksscenen
Schaus plass
Oslo, Norway
+ Google-kart