BLS UNG
Føremål
- BLS Ung er eit frilyndt lag som ønskjer å skape engasjement og liv kring folkekultur, med aktiviteter særleg rettet mot ungdom i alderen 14-25 år.
BLS Ung vart stifta ved styret i Bygdelagssamskipnaden i Oslo (BLS) den 22. august 2023. Og no etter eit par pilotprosjekt, er vi klare til å ta i mot medlemmar.
- Er du barn, ungdom, student eller ung voksen innafor målgruppa på 14-25 år?
- Vil du danse folkedans, spele instrument, halde på med handarbeid, drive med teater eller berre vere sosial med ei gruppe på din eigen alder som diggar folkekultur?
- Vil du vere med i eit lag der du kan vere med å bestemme innholdet på arrangementa?
- Vil du ha tilgang på billige øvingsrom?
Medlemsavgift per år:
300,- (standard medlemskap)
50,- (viss du er hovudmedlem i eit anna medlemslag i BLS)
Melder du deg inn no, blir du medlem i både resten av 2023 og 2024.
For innmelding eller meir informasjon,
ta kontakt med Runhild Heggem på e-post runhild.heggem@bls2.no eller 941 41 866.
Foto: Runhild Heggem, BLS: 100 år med bygder i byen