Omlag 400 forventningsfulle og spente BLS-vener med Kulturministeren i spissen benka seg i hovudsalen på Det norske teatret laurdag 28.10. 2023 for å sjå Festframsyninga «100 år med bygder i byen». Teatret var pynta med lagsfaner oppover trappa til Bikuben. Mange nikka gjenkjennande til lagsfana, andre hadde aldri sette fanene før. Eit lag visste ikkje eingong om at dei hadde fane.
Publikum fekk sjå ei imponerande mønstring av mangfaldet innan Bygdelagssamskipnaden med over 200 aktørar i sving på scenen.  Det byrja med fleirstemt lokk frå begge sider av salen, deretter fekk borna utfalde seg i halling og Bhangradans. Sidan gjekk det slag i slag med komle-, orsak, kompedikt, bygdedansstafett og turdanskavalkade, songdans, toraderspel, stildans og engelsk country dans, diktdramatisering, folkedanskveld og glimt frå amatørteaterverksemda. Framsyninga vart avslutta med ei mektig framføring av marsjen BLS 100 år, av Vegar Vårdal framført av dei to kora Songlaget i BUL og Bygdelagskoret Blåne, til stor begeistring frå publikum.

Etter framsyninga samla alle frå sal og scene seg til fest i foajeen. Her ynskte Gert-Fredrik Malt velkommen til fest på vegne av styret i BLS. Kulturministeren gratulerte med hundreårsjubileet og Noregs Ungdomslag ved styreleiar Torbjørn Lauen og Det Norske Teatret ved teatersjef Erik Ulfsby gav også sine helsingar.
Deretter var det dans til musikk av Østerdølenes Spellmannslag. Det er nok lenge sidan det har vore så folksamt på dansegolvet i Det Norske Teatret som denne festkvelden.

Stor takk til alle som medverka på og bak scenen i framsyninga, ikkje minst til Vegar Vårdal som hadde det kunstnarlege ansvaret for framsyninga. Takk også til publikum i salen og på dansegolvet som alle gjorde sitt til at dette blei ein minnerik kveld. Kan ein håpa at kvelden ga inspirasjon og ny kveik til arbeidet innan Bygdelagssamskipnaden dei neste 100 åra?
Alle foto: Runhild Heggem
(Fleire bilete kjem på vår facebookside)