I samband med 150-årsjubileet til diktaren Hans E. Kinck, som vaks opp i Strandebarm, Hardanger, inviterer Hardinglaget til litteraturmatiné i Halli, Nordahl Bruns gate 22 kl. 14.00 laurdag 14. november.

Rektor Johan Storm Munch, Kinck-kjennar og eigar av Kinck-garden, vil kåsera om livet og litteraturen til Kinck, med særleg vekt på folkelynne, psykologi og humor. Om hardingane har grunn til å kjenna seg råka av dei kvasse og ironiske skildringane i ein del av verka til Kinck, vert det spanande å høyra. Storm Munch, som er eigar av Kinck-garden, kjem nok til å kommentera denne sida òg.

Eit av dei mest kjende arbeida til Kinck er «Den nye kapellanen». Det er dramatisert og vert framført av Strandebarm ungdomslag på matinéen.

Musikalske innslag ved Bygdelagskoret og spelemannen Nils Økland, kjend brubyggjar mellom folkemusikk, samtidsmusikk og jazz.

Velkomne!

Bygdelagskoret

Bygdelagskoret