Kvar onsdag frå kl 18-20 har Frøy øving. Det skjer på Samfunnet i Ås, i rommet Festspisesalen. I løpet av våren prøver vi å pløgje gjennom så mykje vi får plass til av både gammaldans, turdans, bygdedans og litt songdans. Frøy-øvingane er altså veldig varierte!
Det blir alltid mogleghet for å lære ting frå skratsj, og vi avsluttar alltid med mengdetrening gjennom fridans.
Sjølve planen over innhald på den einskilde øving er ikkje heilt spikra enno, men vi kan love deg at det er substansielt. Og kjekt.
Vel møtt!