Vilkår for å leige BLS sine lokaler

Ved leige av lokaler hos BLS, forpliktar leigetakar seg til å respektera BLS sitt verdigrunnlag og å følgje gjeldande husordensreglar.

Arrangement, aktivitetar eller ytringar som fremjar diskriminering, trakassering, hat, ekstremisme eller som på annan måte verkar krenkjande eller støytande overfor personar eller grupper, er ikkje tillaten i lokala våre. Det same gjeld aktivitetar som har som formål å provosera, ekskludera eller skapa utryggleik for andre brukarar av bygget. Leigetakar har ansvar for at deltakarar, gjester og eventuelle samarbeidspartnarar opptrer på ein respektfull og omsynsfull måte. BLS sikrar seg retten til å avslå eller avbryta leigeforhold dersom arrangementet eller gjennomføringa av dette er i strid med desse prinsippa. Målet vårt er at BLS skal vera eit hus der menneske med ulik bakgrunn kan møtast i eit trygt, inkluderande og respektfullt fellesskap.

Husordensreglar

Leigetakar har ansvar for:

  • Utpeike ein person som er brannvernansvarleg under arrangementet, og gjera seg kjend med branninstruks og rømningsvegar for lokalet. Det er ikkje lov å bruka levande lys i lokalane.
  • At ikkje nødutgangar blir nytta som inngang eller blir blokkert med vesker, klede, stoler, bord m.m.
  • Ha førstehjelpsutstyr tilpassa eigen aktivitet.
  • At det ikkje blir brukt utesko i dansesalane. Det finst 3 garderobar:
    • ved inngang til kantina
    • ved inngang frå Nordahl Bruns gata
    • ved Blåsalen
  • Musikk og lydnivå:
    • Søndag til torsdag skal musikk vere avslutta innan kl. 23.00.
    • Fredag og laurdag skal musikk vere avslutta innan kl. 01.00.
    • Stille nedrigging seinare er tillaten.
  • Rydde etter bruk:
    • Om du har skrudd av eller ned radiatorar; set dei tilbake i opphavleg posisjon.
    • Rydde tilbake bord, stoler og anna nytta utstyr til plassen sin (se oppslag i rommet).
    • Tørk av bord og tørk opp fra gulvet om det er sølt.
    • Koste golv i leid område.
    • Lukk vindauge (i leid areal) og gitterport i Storsalen / Foajeen.
    • Skru av ventilasjon (Storsalen og Halli).
    •  Skru av lydanlegg.
    • Skru av lys på scene og lysanlegg.
    • Ta opp lerret og skru av projektor.
    • Tøm søppel i sal, i kantina og på toalett.
    • Tøm kjøleskap i kantina om det er nytta.
    • Kryss av for utført rydding på sjekkliste i leigd rom.
    • Skru av lys.
    • Lås alle dører.
    • Returner lånte nøklar til postkassa i garderoben (evt. til nøkkelboksen).
    • Meld feil eller forslag til forbetring til eigedomsnemnda@bls.no.

Alkohol-servering:

Ingen alkoholservering der BLS som fylkeslag er arrangør.

Generelt krever all bruk av alkohol skjenkjeløyve (løyve), både for eksterne og interne leigetakarar. Leigetakar må sjølv søkja om løyve om det skal serverast alkohol. Lenkje til søknad: Oslo-kommune-søke-skjenkeløyve.

BLS sitt verdigrunnlag

Bygdelagssamskipnaden (BLS) er ein inkluderande fellesskap bygd på respekt, mangfald og kulturglede.

Gjennom folkedans, musikk, kurs, møte og andre aktivitetar ønskjer me å vera ein møteplass der alle kjenner seg velkomne, uavhengig av religion, livssyn, etnisk bakgrunn, nasjonalitet, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, alder eller funksjonsevne.

Me verdset den kulturelle breidda som menneske fører med seg, og me arbeider for eit miljø prega av gjensidig respekt, openheit og høflegheit. BLS skal vera ein trygg stad for alle som bruker lokala våre, og me aksepterer ikkje diskriminering, trakassering, hets eller andre krenkjande handlingar eller ytringar.

Me ønskjer å skapa fellesskap gjennom kultur og aktivitet, ikkje splitting. Derfor skal lokala våre brukast på ein måte som bidreg til eit inkluderande og respektfullt miljø for alle.