Ja, det er snakk om infovors.
Dette er din sjanse til å bli kjend med oss. Vi har alltid øving som er open for alle, og det er ingen opptak hos oss. Slik sett kan du komme på akkurat den øvinga du vil, men akkurat no på onsdag legg vi lista svært lågt for nye studentar. Faktisk fjernar vi lista.
Det blir intro av nye og gamle medlemmar, ingen kleine bli-kjent-leikar, men skitgøye turdansar og anna folkrelatert moro. Det er null stress om du aldri har dansa nokon gong, eller om du har dansa eit heilt liv.
Etter ei najs øving med litt ekstra fokus på kven vi er, og dans med opplæring frå skratsj, blir det også mogleg å bli med oss vidare til folkedanspøbb i Oslo (tek tog etter kl 20 ein gong). Her kan du oppleve jamming på ymse folkemusikkinstrument og eit deilig, trangt dansegolv, inne i ein kjellar under Bondeheimen og Kaffistova i Oslo. Vi elskar konseptet, som er heilt gratis, og meinar du definitivt ikkje vil gå glipp av det.