Bygdelagshuset

Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22 er eigd av Bygdelagssamskipnaden (BLS). BLS er fylkeslag for Noregs Ungdomslag i Oslo og Akershus, og har omlag 15 medlemslag. Mange av desse har øvingar og arrangement i Bygdelagshuset.

Vi har tre salar, Storsalen, Halli og Blåsalen. fleire møterom, og eit musikkrom.

I bygarden er det også hyblar og kontorlokale. Thon Eiendom har ansvar for drift og vedlikehald av desse lokala.

Eigedomsnemnda

Eigedomsnemda følgjer opp lokala som blir brukt til aktivitetar og arrangement.

Leiar: Oddgeir Havn, Sogn og Fjordanelaget

Nestleiar: Erik Skogen, Symra

Medlem: Sven Håkon Thomassen, Håløylaget