|
Bygdelagssamskipnaden er fylkeslag for lag og ringar i Oslo og omland. Fylkeslaget er tilslutta Noregs Ungdomslag (NU). Fylkeslaget har 18 medlemslag, med 1305 medlemer. Vi vil gjerne ha ny medlemer og har mange kurs både haust og vår.
Alle er velkomne til våre arrangement, som er fundamentert i folkekultur og folkedans
Folkedanskveldane er unike. Kvar søndag samlar vi mellom 40 - 70 danseglade til flott musikk ved forskjellige spelegrupper/lag. Rusfritt miljø med dans og sal av vafler og kaffe/brus.
Dette er ein god måte å trimme på - som ein garantert vert i godt humør av.
Velkommen til Folkedansmiljøet i Nordahl Bruns gate 22 i Oslo.
Fylkeslaget driv og eig Nordahl Bruns gate 22, der det i tillegg til 3 store dansesalar og er utleige av kontorlokale og hyblar.
Dansesalane nyttast og som konferanserom og leiges ut til eksterne, når vi ikkje brukar dei sjølv ved arrangement som laga har. Lag og ringar har øvingskveldar og nyttar stort sett alle salane kvar kveld heile veka.
Det er mange firma, organisasjonar og offentlege etatar, som er faste leigetakarar og som er viktige bidragsytarar for å sikre økonomien og drifta av bygarden. Dei leiger gjerne på dagtid. Publisert: 26.08.2010
|